Vårt arbeid
Vi arbeidar på tre nivå. Nasjonalt, krets (regionalt) og lokalt.
I Ønsket & Elsket skjer det meste i lokallaga og i kretsane. Men etterkvart som vi får fleire kretser vil vi dra i gang:
I tillegg vil kompetansesenteret vårt tilby aktuelle webinarer.
Mer informasjon kommer
På kretsplan lagar vi konfirmantsamlingspunkt. Pr nå er det "Kyrkjeleg læring og undervisning" i Øvre Telemark Prosti som er vår samarbeidspartanar på kretsnivå.
Sjå lenger ned for alle tilboda, aktivitetar og arrangement vi har på kretsplan pr nå.
Gjennom lokallag oppfordrer vi barn og ungdom til å engasjere seg, både i vårt fellesskap og i lokalsamfunna dei kjem frå/bur i. Fokus på positivitet og engasjement, demokrati og demokratiske prosessar.
Frå hausten 2026 vil vi skape møtepunkt for lokallagsstyrene. Vi møtes på kompetansesenteret i Seljord til lokallagsstyre-treff!


Vi arrangerer arrangement for alle konfirmantar knytta til sokna i Øvre Telemark prosti. Vi samler mellom 300-370 konfirmantar på fellessarrangementa, og mellom 45-170 stk på konfirmantleirane.
Lyst å vere med på konfirmantarrangementa våre etter konfirmanttida? Då er du HJARTELEG velkomen med i fellesskapet vi har gjennom ungdomslederkurset vårt.


Nytt frå 2027 er at vi ynskjer å tilby fleire leirar. Vi startar med ein leir for Unge Vaksne (januar), to Tweensleirar (februar og august) og ein ungdomsleir (oktober).
Velkommen til å bli med på eit eller to døgn fylt med aktivitet, fellesskap og Jesus!
Bli med då vel!
Lyst å møte andre ungdommar meir regelmessig? Vi lanserer tilbodet "Ungdomsgudstenester" i heile Øvre Telemark prosti i 2027. Gudstenester FOR og MED ungdommar. Etterpå samlast vi over eit godt måltid og sosiale fellesaktivitetar.


Ønsket & Elsket er ein friviljug barne- og ungdomsorganisasjon. Vår oppbygging består av lokallag, kretsstyre og sentralstyre. Vi ynskjer å ruste ungdommane til å bli gode medborgarar og gjev dei opplæring i demokrati og demokratiske prosessar.
Vi legg opp til at medlemmene våre kan organisera seg i lokalt menighetsarbeid. Her er lokallagsarbeidet eit viktig område. Vi støttar våre lokallag med økonomiske og administrative ressursar.